https://kjerne.link/konsulentkurs

Bestill eit skreddersydd kursopplegg til byrået

Kjernemodellen er eit intuitivt og praktisk rammeverk for å samarbeide tverrfagleg om å lage betre innhald for digitale produkter og tenester.

Metoden består av eit enkelt kjerneark, eit workshopformat (kjerneverksted) og ein praktisk filosofi for tverrfagleg samarbeid.

Modellen er fleksibel og samtidig kompatibel med annan metodikk, og passar difor godt inn som ei felles referanseramme i prosjekter.

Kjernemodellen og dei tilhøyrande verktøya er godt eigna til å:

Kurset passar for alle konsulentar, enten dei jobbar med UX-design, tenestedesign, innhaldsdesign, utvikling, prosjektledelse, strategi/forretningsutvikling eller andre ting.

Eg kan typisk halde to ulike variantar av kurset, anten over ein halv dag eller 2 dagar, men er generelt veldig fleksibel rundet formatet 😁

Alternativ 1: Halvdagskurs

Innhaldet i dette kurset vil være basert på det åpne kurset i "Strategisk innhaldsdesign med kjernemodellen", som mellom anna fekk 4,9 av 5 mulige i rating på Confab.

Forskjellen er at opplegget er skreddersydd for dykkar bakgrunn og kompetanse, og at vi kan ta utgangspunkt i to heilt konkrete caser som de jobbar med.

Målet er at det skal være mulig å ta i bruk metoden umiddelbart i neste kundeprosjekt.

Varigheit: 3 timar

Språk: Norsk eller engelsk

I tillegg kan eg gi ein fin pakkepris på boka om kjernemodellen

Eventuelle reise- og overnattingsutgifter kjem i tillegg.

Ta kontakt for pris.